Ein klimafiasko

Resultatet frå klimakonferansen i Durban hindrer ikkje global katastrofe.
Av Rune Skarstein
Onsdag 18. jan 2012
Last ned
som PDF

Miljøvernminister Erik Solheim hevdar at klimakonferansen i Durban vart ein «klimasuksess». Det grunngir han med at Kyoto-protokollen er forlenga (men Canada har meldt seg ut). Det er dessutan vedteke eit «grønt klimafond» på 100 milliardar dollar, men førebels finst det ikkje ein dollar i det fondet. Og Kina har gitt «signal» om at dei kan vere villige til ein juridisk klimaavtale «i framtida»! (Adresseavisen, 16. desember 2011.) Før konferansen i Durban kom det Det internasjonale energibyrået, IEA, med sin årlege rapport «World Energy Outlook» for 2011. Då IEA vart oppretta, skulle dei ha som oppgåve å overvake energisituasjonen i verda og kontrollere at ikkjespreiingsavtalen for atomvåpen blir  halden. Men dei bekymra seg ikkje for konsekvensane av globale CO2-utslipp, før i 2009. No presiserer IEA at «energiproblemet» ikkje er mangel på olje, naturgass og kol, men CO2-utsleppa ved forbrenninga av fossile brennstoff. Rapportane frå IEA gir eit minst like dystert bilde av den globale klimautviklinga som FNs klimapanel, IPCC.

Data frå IPCC viser at berre frå 1995 til 2005 auka det  atmosfæriske CO2-innhaldet med 20 prosent, i hovudsak forårsaka av stigande oljeforbruk. IPCC skriv at dette er «den største endringa berekna eller observert for noko tiår, iallfall i dei siste 200 åra». CO2 frå fossile brennstoff auka sin del av dei totale årlege bidraga til drivhuseffekten frå rundt 50 prosent i 1970 til ca. 60 prosent i 2011. IEA har rekna ut at dei potensielle CO2-utsleppa frå dei no utvinnbare reservane av fossilt brensel er på 2423 milliardar tonn, som er meir enn dei samla utsleppa frå 1750 til i dag. Dersom dagens reservar blir tekne ut, vil det føre til ein global temperaturauke på over seks grader. Det vil raskt utløyse ein dynamisk prosess med endå høgre oppvarming ved utslepp av den meir aggressive klimagassen metan (CH4) som i dag er frosen i tundra og havbotn. Resultatet blir ein global menneskeskapt katastrofe. IEA og IPCC er samde om at dersom den globale oppvarminga ikkje skal føre til sjølvforsterkande prosessar med kolossale miljøkatastrofar som resultat, må ikkje temperaturstiginga overskride to grader. Det krev at CO2-innhaldet i atmosfæren ikkje overstig 450 delar per million (ppm). (I 2011 var det ca. 390 ppm.) For at dette skal vere muleg, må dei energirelaterte CO2-utsleppa stoppe på dagens nivå (30,4 milliardar tonn i 2011) og deretter bli reduserte kvart år til så vidt over 20 milliardar tonn i 2035. Det krev ein politikk som verda ennå ikkje har sett noko av. Tvert imot: Med den noverande politikken vil utsleppa auke til 43 milliardar tonn i 2030, og klimakatastrofen blir ikkje til å unngå.

IEA påpeikar at deira 450 ppm-alternativ på litt sikt har langt lågare økonomiske kostnader enn den noverande politikken, som dessutan lempar ekstremt høge kostnader over på komande generasjonar. Det synest vere to konfliktlinjer mellom statane om fordelinga av kostnader ved reduksjon av CO2-utsleppa. For det første har dei rike landa 2 til 4,5 gongar større utslepp enn det globale gjennomsnittet pr. innbyggjar. Kina har 0,9 gongar det globale gjennomsnittet, medan dei 54 fattigaste u-landa har mindre enn 0,2 gongar gjennomsnittet. Klimaendringane grunna CO2-utslepp er i hovudsak skapte av verdas rikaste land som derfor må ha det absolutt tyngste ansvaret for reduksjonar. Ei anna konfliktlinje går mellom dei store produsent- og eksportlanda av fossile brennstoff og land som er reine importørar. Statane og selskapa i dei vel 20 landa som er storprodusentar av fossile brennstoff, har i ein lang periode hausta enorme økonomiske gevinstar. Derfor er det rimeleg at desse landa må ta størstedelen av den økonomiske byrda ved reduserte utslepp. Det kan skje ved at det blir lagt ei internasjonal CO2-avgift på produksjonen av fossile brennstoff. Kvar produsentstat kunne bli pålagt å krevje inn ei avgift på for eksempel 20 dollar pr. tonn av den potensielle CO2-mengda i produksjonen. Det ville straks hindre opning av marginale felt og føre til lågare produksjon.

I Dubai vart ikkje statane samde om fordelinga av bidrag til eit «grønt klimafond» på skarve 100 milliardar dollar. Ei internasjonal produksjonsavgift på berre 20 dollar per tonn CO2 ville derimot til å begynne med bringe inn ca. 600 milliardar dollar per år! Norges årlege bidrag ville bli ca. sju milliardar dollar.


Logg inn
Redaktør: Amund Hamnes Aaberge
Utarbeidet med økonomisk støtte fra For velferdsstaten
Publiseringsløsning fra Noop