Underskot = overskot

For at nokon skal få handelsoverskot, må det vere underskot andre stadar.
Av Rune Skarstein
Onsdag 22. feb 2012
Last ned
som PDF

I debatten om gjeldsproblema i eurosona svevar det mange merkverdige idear. Ein slik idé blir i dag målboren av den tyske regjeringa, EU, Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). Dei hevdar at statsbudsjetta må vere praktisk talt i balanse, og at alle land bør ha overskot på handelsbalansen. Men det er ei banal økonomisk kjensgjerning at når nokre land har handelsoverskot, må andre land ha tilsvarande store underskot. Den globale summen av handelsoverskot er lik summen av underskot. Eit lands (til dømes Norges) handelsoverskot har med andre ord sitt motstykke i andre lands underskot. Dette gir grunn til å hevde, slik Keynes gjorde, at overskotslanda har eit like stort ansvar for å skape balanse i internasjonal handelsom underskotslanda. I perioden 2000–2010 hadde desse landa store akkumulerte handelsoverskot (milliardar dollar):

Kina            1875

Tyskland     1499

Japan          579

Norge          510

Nederland    509

Sveits          366

Sverige        283

Canada        264

Irland          271

Sør-Korea    179

Desse ti landa hadde altså eit samla akkumulert handelsoverskot på 6335 milliardar dollar, som innebar tilsvarande store underskot i andre land. I den same perioden hadde til dømes Spania eit akkumulert handelsunderskot på 501 milliardar dollar, Hellas 294 milliardar, Frankrike 208 milliardar og Portugal 177 milliardar. Men dette er småtteri mot USAs akkumulerte handelsunderskot på 6126 milliardar dollar i perioden 2000– 2010. Eit lands handelsunderskot må finansierast med lån i utlandet, som regel i utanlandsk valuta. Her har USA eit enormt privilegium til skilnad frå underskotslanda i  eurosona. Sidan dollaren er internasjonalt betalingsmiddel og reservevaluta, dekker USA sine handelsunderskot rett og slett ved å låne dollar. Det skjer i hovudsak ved at overskotsland kjøper  amerikanske statsobligasjonar. Fordi USA er ei militær og politisk stormakt, er renta på amerikanske statsobligasjonar framleis svært låg, sjølv om landet er totalt nedsylta i gjeld. Det ser ikkje ut til at utanlandske kreditorar bryr seg ein døyt om at USA hadde verdas suverent største netto utanlandsgjeld på 7330 milliardar dollar, tilsvarande 42 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) ved utgangen av 2011.

Euroen er «ein valuta utan stat», og dei «svake» statane i  eurosona må dekke sine handels- og budsjettunderskot med lån som i hovudsak kjem frå finansinstitusjonar utanlands. (Den greske staten skuldar 35,5 milliardar euro til fi nansinstitusjonar i Frankrike, 13,8 milliardar til tyske bankar og 8,6 milliardar til finansselskap i Storbritannia. I 2011 var renta på desse låna på over 15 prosent eller over ni milliardar euro.) Uavhengig av årsakssamanheng er eit lands handelsunderskot alltid lik underskotet i privat sektor pluss  underskotet i offentleg sektor. Omvendt blir eit lands handelsoverskot reflektert som overskot i privat og/eller offentleg sektor. Følgjeleg vil handelsunderskot innebere aukande privat  og/eller offentleg gjeld. I seinare tid har media framstilt offentleg (statleg) gjeld som det store vonde. Implisitt hevdar dei at privat gjeld ikkje er så «skadeleg» som offentleg gjeld. Dei har visst alt gløymt at det var samanbrotet i private gjeldsrelasjonar i USA som utløyste den økonomiske krisa i 2007! Men det er viktig kven som er kreditor for den offentlege gjelda og kva type gjeld det dreier seg om. Gjeld til utlandet, som i Hellas sitt tilfelle, betyr ei ekstra byrde på drifts- og handelsbalansen. Statsgjeld til utlandet i eigen valuta, som i USAs tilfelle, er langt på veg immun mot spekulative åtak. Endå gunstigare er statsgjeld i eigen valuta til eigne borgarar og finansinstitusjonar, som i Japan sitt tilfelle.

Kvart einaste år sidan tidleg i 1990-åra har Japan hatt store  offentlege budsjettunderskot, men samtidig handelsoverskot og følgjeleg enorme overskot i privat sektor. Dei offentlege budsjettunderskota er blitt finansierte ved sal innanlands av statsobligasjonar i yen med låg rente. Hellas si offentlege gjeld på 165 prosent av BNP i 2011 er beskjeden samanlikna med Japans rekordhøge 212 prosent. Men medan Hellas betalte renter til utanlandske kreditorar tilsvarande 6,9 prosent av BNP, utgjorde rentebetalingane på den japanske statsgjelda berre 1,4 prosent av BNP. Under dei rådande tilhøva er den offentlege gjelda i Hellas og dei andre periferilanda i eurosona den verst tenkelege forma for statsgjeld.


Logg inn
Redaktør: Amund Hamnes Aaberge
Utarbeidet med økonomisk støtte fra For velferdsstaten
Publiseringsløsning fra Noop