Får fagleg motbør
Seniorforskar Knut Røed ved Frischsenteret lanserer eit fagleg innspel som snu om på heile den norske skattedebatten:
– Det er ikkje sant at sterkare omfordeling må gje ei mindre kake å dela på. Det kan faktisk vera omvendt, seier økonom Knut Røed ved Frischsenteret.
– Omfordeling og effektivitet gå hand i hand. Vi med andre ord både gjennomføra ei jamnare fordeling av den økonomiske «kaka» og samtidig gjera kaka større, seier Røed til Klassekampen. Under landsmøtet til Høgre tidlegare denne månaden, ropte den påtroppande Erna Solberg frå talarstolen: «Lavere skatt gir mer velferd!». Påstanden byggjer på ein av dei mest inngrodde sanningane i økonomfagleg skattedebatt: At det må vera ein direkte motsetnad mellom omfordeling og effektivitet. I artikkelen «Blir kaka mindre når den fordeles jevnere?» tek Røed oppgjer med denne førestillinga.
– Det er mogleg å få i pose og sekk: Både større omfordeling og mindre effektivitetstap i økonomien, seier Røed. han har rett, det få konsekvensar for skattedebatten i mange år framover.
Effektivitetstap
Problemet med «effektivitetstap » oppstår fordi skattlegging påverkar økonomisk åtferd. Eit enkelt døme: Per vil ha 1000 kroner for å måla garasjen til Pål, som er villig til å betala 1200. Staten vil ha skatteinntekter av dette. Pers 1200 kroner blir skattlagt med 30 prosent. Dermed sit han att med 840 kroner. Men Per tykkjer berre jobben er verdt innsatsen om han får minst 1000 kroner. Derfor blir ikkje jobben gjort, og staten får ingen skatt. Dette er «effektivitetstap » på grunn av skatt. Det vil vi ha minst mogleg av.
– Alle moderne land har inntektsskatt, så diskusjonen står alltid om utforminga av systemet. Her har det vore opplest og vedtatt at eit meir progressivt skattesystem gjev eit større effektivitetstap, seier Røed. – Denne premissen har også partia på venstresida akseptert, og så er dei meir villige enn høgresida til å ofra effektivitet for å få betre omfordeling. Dei har så og seia akseptert skjemaet, og plassert seg sjølv til venstre i det, seier Røed. Men heile skjemaet stå for fall.
Meir velferd
Gjennom fleire år har Knut Røed og professor Steinar Strøm ved Universitetet i gått inn i internasjonal forsking og fagdebatt om dette emnet. Og konklusjonen er eintydig: – Det er ein stor feil ved standardteorien om skatt at den føreset at alle individ er like. Empirisk forsking viser at individa reagerer veldig ulikt på skatt etter kva slag situasjon dei står i. Dei som har låg inntekt reagerer veldig tydeleg på inntektsendringar. Verknaden på dei som har høg lønn er veldig mykje veikare, seier Røed. Det tyder at «effektivitetstapet » ved skatt bli høgt blant dei låglønte, auka skattlegging av dei høgtlønte derimot gjev små utslag på arbeidstilbodet. Konklusjonen er at ei flytting av skattebøra frå fattige til rike gje ikkje berre betre omfordeling, men også høgare effektivitet. Og dermed «meir velferd ».
– Kvifor reagerer rike og fattige så ulikt?
– Sånt veit vi ikkje sikkert. Men det speler nok inn at mange av jobbane med høg lønn også gjev interessante arbeidsoppgåver og blir ein viktig av sjølve livet, mange i låglønnsyrke arbeider for å få pengar i kassa, punktum. Det er også blant dei låglønte vi finn mest ustabil tilknyting til arbeidsmarknaden. Derfor variasjonen i arbeidstilbodet bli langt større her enn blant dei høgtlønte med fulltidsjobb.
Artikkelen til Knut Røed står i RØST: Skatt.
FAKTA om progressiv skatt:
- Dei aller fleste industriland har redusert innslaget av progressiv skattlegging dei siste tiåra.
- I Noreg kom den største endringa med skattereforma til regjeringa Brundtland i 1992.
- Regjeringa Bondevik går i skattemeldinga, som no er hos Stortinget, inn for ytterlegare reduksjon av omfordelinga i skattesystemet.
- Dette skal til dømes skje ved sterk reduksjon av toppskatten for inntekter over 900.000.