Rasjonell handling i økonomisk analyse

Av Gaute Torsvik

1. Instrumentell rasjonalitet

Når økonomar karakteriserer og forklarer sosiale fenomen tar dei utgangspunkt i rasjonelle aktørar. Rasjonelle val er med andre ord sjølve grunnsteinen i økonomisk analyse. Men kva tyder det å handle rasjonelt?

Omgrepet rasjonell vert brukt ulikt. Me brukar det for å vurdera kor passande ein aktør handlar gitt den informasjonen og dei interessene han har. Etter denne definisjonen er ei handling rasjonell dersom ho, mellom dei handlingane aktøren kunne valt, best realiserer målet eller interessene hans, same kva mål eller interesser han har. Brukar me omgrepet slik er det snakk om målrasjonalitet eller instrumentell rasjonalitet – me dømer handlingar som instrument, etter kor nær dei fører oss måla våre.[1]

I økonomisk teori er det instrumentell rasjonalitet som gjeld. I samfunnsøkonomiske modellar er det fire forhold som avgjer korleis ein aktør handlar: valalternativ, oppfatningar, konsekvensar og interesser. Kvar aktør har ei mengde alternativ han kan velja mellom, han har oppfatningar om korleis verda heng i hop og kan rekna ut konsekvensane av ulike val, og han har ynskjer eller mål knytt til konsekvensane handlingane resulterer i. Ein aktør er instrumentelt rasjonell dersom han vel alternativ som produserer dei beste konsekvensane i høve til eigne ynskjer.

I følgje denne modellen er handling konsekvensorientert og interessebasert. Fornufta – rasjonaliteten – er redusert til å spela ei instrumentell rolle, til å kalkulera kor effektivt ulike handlingsalternativ sikrar interessene til aktøren. Måla, interessene, eller djupast sett dei verdiane som ligg bak og produserer interesser og mål, ligg utanfor fornufta sitt domene. Ideen er eldre enn David Hume, men det var han som fyrst klart og tydeleg formulerte programmet. I ei velkjend spissformulering heiter det:

”Reason is, and ought only be the slave of the passions, and can never pretend to any other office than to serve and obey them” (Hume 1740)

Figuren gir ei skjematisk framstelling av den rasjonelle handlingshypotesa samfunnsøkonomisk teori byggjer på.


Figur 1 Ei skjematisk framstilling av korleis ein instrumentelt rasjonell aktør vel: Aktøren har ei mengde valalternativ, har oppfatningar av korleis verda heng i hop, og kalkulerer konsekvensane av ulike val. Konsekvensane held han opp mot interessene sine, og vel det alternativet som best sikrar interessene hans.

Aktøren brukar rasjonaliteten til å kartleggja alternativ, til å danna realistiske oppfatningar om omverda, og til å rekna ut konsekvensane av ulike val. I tillegg vil ein instrumentelt rasjonell aktør, og det er dette pila attende til valalternativa indikerer, plukka ut det valalternativet som produserer dei beste konsekvensane gitt interessene han har. Den tjukke streken marker grensa for fornufta. På høgresida regjerer instinkt, kjensler og emosjonar:  Det som til sist sporar til handling, ynskja våre, måla, interessene, ligg utanfor området til fornufta.

I si mest generelle form stiller hypotesa om instrumentell rasjonalitet få krav, og tar mykje for gitt. Ho set ingen eksplisitte formelle krav til oppfatningane aktørane har, dei kan høva med situasjonen slik han er, eller avvika frå røynda. Viktigare, ho set heller ingen krav til interessene aktørane freistar realisera. Alt rasjonalitetshypotesa seier er at aktørane vel det beste alternativet gitt oppfatningar, gitt handlingsalternativ og gitt interesser. Rasjonalitetshypotesa seier absolutt ingenting om kva ein aktør skal gjera i ein gitt situasjon.

For å forstå konkrete situasjonar, for å modellera utvalde samfunnsfenomen, må me stramma inn og konkretisera ei rekkje ”opne felt” i rasjonalitetshypotesa. Det er fyrst når me presiserer kor god oversikt aktørane har over eigne alternativ, kor realistiske oppfatningar dei har, kor dyktig dei kalkulerer konsekvensar – og ikkje minst – kva interesser dei har, at samfunnsmodellar som byggjer på rasjonell handling får eit empirisk innhald.

2. Hyperrasjonell egoisme

I dei fleste samfunnsøkonomiske modellar har aktørane forvitnelege kognitive evner. Det er som regel totalt samsvar mellom situasjonen aktørane er i, og slik dei oppfattar han. Aktørane kjenner alle valalternativa dei har, dei formar sanne oppfatningar om korleis verda heng i hop, og kalkulerer fort og sikkert konsekvensane av ulike handlingsval. Samfunnsøkonomiske modellar er med andre ord svært optimistiske når det gjeld dei kognitive evnene me som handlande aktørar har til å samla og handsama informasjon.

Når det gjeld interessene lyt dei innfri visse formelle krav for at ein aktør skal handla rasjonelt. Instrumentelt rasjonelle aktørar har mål som resulterer i ei fullstendig og konsistent rangering – ei preferanseordning - av alle valalternativa han har. Men for å laga operasjonelle samfunnsmodellar er det ikkje nok med formelle, logiske krav til interessene som motiverer handling, i tillegg lyt me spesifisera motiva til aktørane. Me må presisera kva som driv aktørane til handling. I dei fleste samfunnsøkonomiske modellar er det egosentriske interesser (helst materielle) som driv folk til handling. I desse modellane finn me aktørar som berre bryr seg om eiga vinning; dei handlar målretta for å sikra eigne interesser. Høgast mogeleg profitt, høgast mogeleg lønn til minst mogeleg innsats, osb.

Spissformulert kan me seia at samfunnsøkonomien er svært optimistisk når det gjeld evnene aktørane har til å kartleggja alternativ og kalkulera konsekvensar, men tilsvarande pessimistisk når det gjeld individuell motivasjon: Aktørane er hyperrasjonelle egoistar.

Eit anna sentralt kjenneteikn ved økonomiske modellar er at dei tek interessene til aktørane for gitt, dei ligg fast og er uavhengige av dei sosiale institusjonane aktørane opererer i. Sosiale institusjonar påverkar individuelle val ved at dei formar konsekvensane ulike val genererer (institusjonar formar individuelle incitament), men altså ikkje ved å forma motivasjonen til aktørane. Med denne presiseringa av aktøranes kognitive evner og motivasjon kan me formulera samfunnsmodellar som har empirisk innhald; modellar det i prinsippet er mogeleg å falsifisera. Det er bra.

3. Er hyperrasjonell egoisme eit godt utgangspunkt for samfunnsanalyse?

Det er ikkje vanskeleg å gje det rynkefrie, glatte andletet til den hyperrasjonelle egoisten fleire menneskelege trekk.  Det er med andre ord heilt opplagt at økonomisk teori kviler på ei urealistisk handlingshypotese. Men kva så? Fuglar flyg, modellar forenklar: Det er modellens natur å framheva nokre faktorar og undertrykkja andre. Poenget med all analyse er å forenkla på ein intelligent måte, slik at me får ein modell som er presis og handterleg, men som samstundes grip essensen til fenomenet me er interessert i.

Den siste er viktig: me må evaluera ein teori i høve til kor godt han grip fenomena han ynskjer å seia noko om. Målet til samfunnsøkonomisk teori er ikkje å gje eit realistisk bilete av den handlande aktøren. Økonomisk teori freistar seia noko om det som skjer på samfunnsnivå. Eit argument som går svært langt i denne retninga, vart framført med tyngde av samfunnsøkonomen Milton Friedman i ein klassisk artikkel frå 1953. Han seier at realismen til byggjeklossane i ein modell er, i seg sjølv, heilt irrelevant. Det ytste målet til økonomisk teori, som positiv vitskap, er å produsera klare og presise prediksjonar for samfunnsfenomen me enno ikkje har observert. Det er i høve til dette målet me må evaluera økonomisk teori, hevdar Friedman. Me må evaluera økonomiske modellar i høve til deira prediksjonssuksess. Men då må me hugsa på at ikkje alle prediksjonar er relevante: Økonomiske modellar ynskjer å seia noko om det som hender på samfunnsnivå, kva teorien predikerer om åtferd på individnivå er, i fylgje dette perspektivet, irrelevant. Det er irrelevant kva du kokar saman til ein pudding, så lengje det smakar godt: ”the proof of the pudding is in the eating”. Ei liknande innstilling til vitskaplege teoriar har fått eit namn, instrumentalisme.

Reindyrka instrumentalisme er sjeldan vare. Dei fleste samfunnsforskarar ynskjer å forstå og forklara korleis samfunnet, i alle fall deler av det, heng i hop, ikkje berre blindt predikera effekten av reformer. Dei tenkjer ikkje på modellane som reine prediksjonsinstrument, men som ei forenkla framstelling av eit eller anna fenomen dei ynskjer å forstå. Med det utgangspunktet er det sjølvsagt mykje meir interessant og relevant å diskutera realismen til byggjeklossane i ein modell.

I denne diskusjonen er det eit godt argument at ein analytisk samfunnsteori lyt byggja på ein enkel handlingsteori. Dess fleire menneskeleg faktorar me tar omsyn til på aktørnivå, dess vanskelegare vert det å få eit analytisk grep på det som skjer på samfunnsnivå. Eit anna forsvar for å oversjå idiosynkratiske trekk ved individuell åtferd, er at så lengje avvika frå perfekt rasjonalitet ikkje alle ”fell til ei side” men er usystematiske, vert dei viska ut når me studerer ein populasjon av individ (når me seier noko om det som hender på samfunnsnivå). Sjølv om økonomiske modellar ikkje predikerer åtferda til einskilde aktørar, kan modellen forklara aggregerte handlingsmønster.

Sjølv om dette er gode argument, forsvarar dei ikkje at me held fast på den blankpussa sjølvsentrerte økonomiske aktøren. Problemet er at han er enkel på ein spesiell måte, og når me byggjer samfunnsmodellar på slike aktørar overser me systematisk visse spørsmål - og forklaringar - når me studerer samfunnsproblem.

4. Avgrensa rasjonalitet og utvida motivasjon

Me kan gå to vegar for å få ein meir passande individuell handlingsteori. Me kan avgrensa rasjonaliteten til aktørane, og me kan utvida motivasjonen deira.

4.1 Avgrensa rasjonalitet

I den blankpussa hyperrasjonelle utgåva kjenner aktøren alle valalternativ, formar korrekte (sanne) oppfatningar om alle relevante faktorar i omgjevnaden, reknar lynfort ut konsekvensane av alle handlingsalternativ og vel, utan å nøla, alternativet som maksimerer nytten. I røynda har ikkje aktørane fullt oversyn over kva alternativ dei kan velja mellom, dei har ofte skeive oppfatningar av korleis verda heng i hop, og tek difor ofte feil når dei sluttar frå handling til konsekvens. Det beste me kan håpa på er at prøving og feiling, og læring meir generelt, reduserer avstanden mellom ”slik det er” og ”slik aktørane trur det er”. 

Eit mykje diskutert alternativ til maksimerande åtferd, er at aktørane følgjer ei ”godt nok”-prosedyre i ein valsituasjon. Aktørane leitar ikkje etter det aller beste alternativet, men har eit aspirasjonsnivå som deler utfalla i to; det som ikkje er godt nok, og det som er meir enn godt nok. Aktøren vel det fyrste alternativet som passerer grensa for godt nok. ”Satisficing behaviour” vert dette kalla på engelsk (i motsetnad til maximizing behaviour).

Det var Nobelprisvinnaren Herbert Simon (1955) som fyrst – systematisk og grundig – gjorde økonomar merksame på at me ikkje har kapasitet til å samla, sortera eller prosessera informasjon på ein hyperrasjonell måte. Hans kritikk danna grunnlaget for to ulike forskingsprosjekt.

Det eine legg vekt på at avgrensa rasjonalitet fører til asymmetrisk informasjon og ufullstendige kontraktar, som igjen fører til transaksjonskostnader som så dannar grunnlaget for sosiale institusjonar. Dette perspektivet er godt integrert i tradisjonell økonomisk teori, og utgjer i dag ein sentral del av økonomisk analyse. Teorien om ufullkomen og asymmetrisk informasjon og ufullstendige kontraktar spring ut av ein idé om at økonomiske aktørar har avgrensa rasjonalitet langs ein dimensjon (ikkje full oversikt over situasjonen). Men det er verdt å merka seg at litteraturen er trass alt svært optimistisk når det gjeld kva evne folk har til å bruka den informasjonen dei faktisk har. I denne litteraturen er aktørane som oftast såkalla bayesiansk rasjonelle: dei veit ikkje nøyaktig kva situasjon dei står ovanfor, men har full oversikt over alle mogelege alternativ, kan seia kor sannsynleg kvart alternativ er, og kan justera sannsynet på ein konsistent måte dersom dei får ny informasjon. Mange eksperiment viser at reelle individ ikkje kan handtera slike usikre situasjonar på ein logisk konsistent måte.

Det andre forskingsprogrammet Herbert Simon initierte ligg i grenselandet mellom økonomi og kognitiv psykologi, og er mykje meir kritisk til den tradisjonelle rasjonalitetshypotesa. Forskingstradisjonen vert ofte kalla åtferdsøkonomi eller eksperimentell økonomi. Resultata frå denne forskinga er i mindre grad integrert i standardteorien, eller brukt i tillempa teori. Sjå Camerer, Loewenstein og Rabin (2002) for ein god diskusjon.

4.2 Utvida motivasjon

I tillegg til å avgrensa rasjonaliteten, kan me utvida motivasjonen til aktørane. Me kan kategorisera ulike samfunnsteoriar etter kor mykje kompleksitet dei tek omsyn til når det gjeld menneskeleg motivasjon. Langs ein dimensjon kan me måla talet på drivkrefter som styrer individa sine handlingar, altså mangfaldet av verdiar eller standardar individa nyttar for å evaluera eigne og andres val. Det enklaste me kan tenkja oss er individ som orienterer seg i høve til ein einaste standard. Langs den andre dimensjonen måler me kor påverkelege desse verdiane er (eksogene, faste og påverkelege i motsetnad til endogene, formelege og påverkelege) – det me kan kalla plastisiteten til standardane. Det enklaste her er at det me vektlegg, verdiane våre, er gitt ei gong for alle. Figuren nedanfor illustrerer typologien:

 

Figur 2: Ein motivasjonstypologi.

Økonomisk analyse ser verda frå A: økonomiske aktørar er rasjonelle egoistar med eksogent gitte preferansar. Egoisme – eiga vinning – har utvilsamt ein sentral plass i menneskeleg motivasjon, men er ikkje den einaste krafta som driv oss. Ofte er det fleire motivasjonsfaktorar som talar til oss og pregar handlingane våre. Ein modell som byggjer på sjølvsentrerte aktørar med uforanderlege preferansar er kanskje ikkje så upassande når me studerer økonomiske aktivitetar på ein stor anonym marknad. Men det er urimeleg å ta med seg denne enkle, kyniske åtferdshypotesa inn på andre arenaer, i politikken, for å forstå aktivitetar i det sivile samfunn, i organisasjonar og bedrifter, i familien osb. Me finn sjølvsagt egoisme her og, men då saman med andre motivasjonsfaktorar. For å få ein meir passande handlingsteori må me flytta oss frå A til B i figur 2. Men tar me omsyn til at individ har kompleks motivasjon, at det er mange ulike verdiar som ligg bak og pregar vala våre, er det naturleg å diskutera i kva grad sosiale institusjonar formar verdiane våre. Då flyttar me til C. Eit sentralt spørsmål er kva feil me gjer dersom me forklarar verda utifrå A men burde vore i C

Eit opplagt problem er at dersom me einsidig vektlegg materiell egoisme som motivasjonsfaktor grip me berre ein del, kanskje berre ein liten del, av det samfunnet me ynskjer å forstå. I tillegg, og det er kanskje verre, forstår me heller ikkje den fulle verknaden av økonomiske incentiv dersom me tek det for gitt at materiell egoisme er det einaste som driv oss rundt i manesjen.

La oss gå til arbeidsplassen for å illustrere desse poenga: For dei fleste av oss er det meir enn pengar som motiverer til arbeidsinnsats. Indre arbeidsglede, eit ynskje om å opptre sømeleg, resiprositet, status og plikt er alle faktorar som kan motivera til innsats. Legg me einsidig vekt på pengeincentiv klarer me ikkje forklara brorparten av den variasjonen i produktivitet og innsats me observerer i arbeidslivet. Men som sagt er det kanskje verre at me overser korleis ulike lønnsformer påverkar innsats. Grunnen er at me systematisk overser korleis pengeincentiv påverkar annan motivasjon. Når me einsidig vektlegg materiell egoisme stiller me ikkje slike spørsmål: Reduserer eller forsterkar pengeincentiv den indre arbeidsgleda? Korleis påverkar pengeincentiv resiprositetsmotiverte arbeidarar? Og dersom det no er slik at pengeincentiv faktisk påverkar annan motivasjon – og det er ein god del eksperiment som indikerer at det er slik – så forstår me ikkje den fulle effekten av økonomiske verkemiddel[2]

Mykje tyder på at økonomisk teori sakte men sikkert, med eksperimentell økonomi og åtferdsøkonomi som fortropp, byter ut den hyperrasjonelle egoisten med ein meir samansett økonomisk aktør. Og det er bra, for meir passande psykologisk fundament aukar prediksjonsevna til økonomisk analyse.


 

Mykje av teksten er henta direkte frå Torsvik 2003. Der er det meir å henta for dei som ynskjer å dukka djupare i den økonomiske rasjonalitetshypotesa.  Eg takkar Ragnhild Astad for nyttige innspel.

[1] ”Rasjonell” kan også karakterisera sjølve interessene til aktøren. Då peikar me direkte på måla og karakteriserer desse som rasjonelle eller ikkje, alt etter om dei oppfyller visse praktiske, etiske, eller moralske standardar. Handlingar er rasjonelle dersom dei ber i seg eller uttrykkjer rasjonelle verdiar. Det er ikkje godt nok at vala er gode instrument for å nå gitte mål, me set krav til måla også.

[2] Ernst Fehr har med fleire kollegaer gjennomført eksperiment som indikerer at folk har samansatt motivasjon og at denne samansette motivasjonen har viktige implikasjonar for utfallet i samhandlingssituasjonar, sjå Falk og Fehr (2002) for eit oversyn. Sjå også Gneezy og Rustichini (2000) for eit interessant eksperiment.


 

Referansar

Camerer, Loewenstein og Rabin (2003), “Behavorial economics:

Past, Present and Future” kapittel 1 i Advances in Behavioral Economics , Princeton Press 2003.

Fehr E. og S. Gächter (2002). Do Incentive Contracts Crowd Out Voluntary Cooperation? Institute for Empirical Research in Economics, University of Zürich, Working Paper No. 34.

Gneezy, U og A.Rustichini (2000). A Fine is a Price. Journal of Legal Studies, 29, 1-17.

Simon, H. (1955). A Behavioural Model of Rational Choice. Quarterly Journal of Economics, 69, 99 – 118.

Torsvik, G. (2003). Menneskenatur og samfunnsstruktur; ein kritisk introduksjon til økonomisk teori. Samlaget 2003.


Gaute Torsvik
Professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen

Nyhetskanal - RSS

 Radikalt økonominettverk
Nyheter i RSS-formatet fra Radikalt økonominettverk.

Kontakt

Radikalt økonominettverk
c/o For velferdsstaten
Boks 7003 St. Olavs plass
0130 Oslo

Telefonnummer: 481 24 769
Org.nr. 985225044

post@okonominettverket.no

Kontaktskjema »

Redaktør: Rune Soleng
Utarbeidet med økonomisk støtte fra For velferdsstaten | Publiseringsløsning fra Noop